Robert Burns (1759–1796), Skottland sin nasjonalskald, skapte songar og dikt

som ikkje berre har vorte ein del av den skotske folkesjela, men som òg har

vore med og forma den. Men Burns skreiv på dialekt, og dialekt i originalen

krev òg dialekt i gjendiktinga. Denne samlinga freistar å flytte eit knippe av

desse tekstane over i det språklege landskapet i Vest-Telemark, i håp om at dei,

slik som originalane, kan finne seg til rette blant folkedikting og folkeviser.